Vår historie

EIGARFORHOLD - TIDLEGARE BRATTEBØ BYGG

Einar Lindstad eig Lindstad Bygg AS gjennom firmaet Heimabygg AS. Einar er dagleg leiar og prosjektleiar i bedrifta.

Lindstad Bygg består i dag av:

  • 16 tømrara

  • 3 lærlingar

  • 4 administrasjon/ prosjektledar

Opplæring

ME TAR ANSVAR FOR BRANSJEN OG NORSK FAGMILJØ

Lindstad Bygg er ei godkjent opplæringsbedrift og tar årleg i mot lærlingar. Me prøver å ha ein til to lærlingar til ei kvar tid.

Det er ofte utplasseringselever frå byggfag på vidaregåande som fortset som lærlingar hjå oss.

Behovet for fagarbeidarar eller personar med anna fagutdanning aukar, og me i Lindstad Bygg meiner det er viktig å støtte opp om lærlingordninga for å rekruttera nye tømrarar til yrket.

Send oss gjerne ein søknad om du er interessert i å vere lærling hjå oss!

HMS

VIKTIGE MOMENT I VAL AV LEVERANDØR

Som bedrift ynskjer me å legge tilhøva til rette for eit godt arbeidsmiljø. HMS er eit viktig verktøy for at me skal få dette til, og me arbeider jamt med å fremje dette arbeidet.

Hos Lindstad Bygg ser vi alltid ute etter nye dyktige tilskudd til teamet vårt Ta kontakt →