Byggeprosessen

Frå idé til ferdig prosjekt

1. Idé

Du har kanskje eit byggeprosjekt du ynskjer å realisere, ei tomt du ynskjer skal nå sitt fulle potensial, eller eit renoveringsprosjekt for din noverande bustad.

2. Rådgjeving

Me går igjennom dine idear og ynskje for prosjektet, ambisjonar og visjonar, økonomi og framdrift. Me vil bidra med råd og rettleiing for å realisere prosjektet ditt. Ei synfaring på tomta eller i bustaden vil vere nyttig for å kunne komme med dei beste løysningane.

Rådgjevinga er gratis. Ved lang reisetid vil det påkomme ein kostnad.

3. Skisseprosjekt

Ut i frå dine idear og våre råd kan me laga skisser for prosjektet. Det vert innhenta underlagsmateriale frå aktuell reguleringsplan, analyse av tomta og omgjevnaden, og me utarbeider teikningar og illustrasjonar til løysningar.

Når me startar på skisseprosjektet byrjar me å ta oss betalt. Me avtaler ei kostnadsramme for prosessen fram mot ein eventuell kontrakt og oppstart av prosjektet.

4. Tilpassingar

Skissene vert presentert for deg der me ser på moglegheiter for tilpassingar for å forma byggeprosjektet etter dine behov og ynskjer.

5. Kontrakt

Det er viktig for deg som kunde og oss som leverandør at me har ein god gjennomgang av teikningar og pris før me skriv ein kontrakt på det vidare arbeidet med prosjektering og bygging.

6. Prosjektering

Før me kan starta å bygge må me ferdigstille alle teikningar som vart utarbeidd under skisseprosjektet. Utarbeiding av arbeidsteikningar samt dimensjonering og berekning av berekonstruksjonar må på plass før arbeidet kan starte opp. Det kan og vere at prosjektet er søknadspliktig. Me skriv søknader og føl opp dei fram mot ulike løyve.

7. Byggeperiode

Under bygginga styrer ein byggeleiar prosessen med å få inn leverandørar og handverkarar til rett tid. Byggeleiar er ansvarleg for å koordinere alle fag slik at me held tidsfristar og at kvaliteten på prosjektet blir følgd opp. I løpet av byggeperioden held me eit par møte, slik at de får innsikt i byggetrinna og veit korleis det går med prosjektet.

8. Overlevering

Når byggeprosjektet er ferdig gjennomfører me ei felles synfaring for å sjekke ut at det me leverer er i følgje kontrakten. Ideen din har no vorte realisert og du kan ta i bruk dine renoverte rom eller flytte inn i din heilt nye heim