Skigutane, Tvildemoen Voss

Dette prosjektet har eit før- og etter-bilde, og ein skulle ikkje tru at det er det same bygget. Bygget var opprinneleg eit lager for millitæret på Voss, og framstår i dag som eit moderne kontorbygg.

Her har Lindstad Bygg vore involvert i fleire fasar. Det byrja med ombygging til kontor og lager i første etasje, og fortsatte med at alle etasjane vart bygd om til kontor og fasaden vart ny.

Montasje Kompaniet hadde ansvar for den siste ombygginga, og Lindstad Bygg hadde tømrararbeidet. Bård Mossige var arkitekt.