Sjukestova i Bømoen

Sjukestova i Bømoen, frå 1917, sto nesten til nedfalls då Skifte Eigedom bestemte seg for å redda bygget og setje det i stand utvendig.

Renoveringa omfatta yttertak inkl. piper og takrenner, yttervegg med etterisolering, reperasjon og restaurering av vindu og dører, utvendig trapper og rekkverk og grunn og fundamentering.

Sjukestova er freda, og øydelagde bygningsdeler måtte erstattast med identiske deler. Her fekk me god hjelp av Styve Møbelsnikkeri på å ta vare på og lage nye bygningsdeler. Hovedinngangsdøra og buane over veranda er nokre av dei flotte detaljane ved dette bygget som krevde omfattande restaurering.

Sjukestova i Bømoen er eit av prosjekta me er stolte av å ha bidrege på!

Detaljar veranda

Detaljar veranda

Gavlvegg

Gavlvegg

Hovudinngangsdør

Hovudinngangsdør