Oppføring av einebustad

Det er alltid kjekt når me får i oppdrag å sette opp ein ny arkitektteikna einebustad her på Voss.

På dette prosjektet er eit gamalt hus reve og det nye vert oppført delvis på dei gamle murane. Huset har to fulle etasjer og får eit bustadareal på ca. 200 m2.

Når me set opp ny bustad nyttar me eit byggesett/ precut til bygging av trekonstruksjonen. Byggesett gjer plassbyggingen meir effektiv då arbeidsoppgåver som kapping, fresing, hulltaking med meir er gjort hjå leverandør. Når byggesettet vert levert på byggeplass kjem det pakka i logisk rekkefølge og godt merka, og reising av trekonstruksjonen vert effektivt.

Lindstad Bygg har nytta precut i fleire år og me har berre positive erfaringar med dette. I dette prosjektet er det nytta precut frå Jatak/ L. Hjertnes.