Me styrker kompetansen

Det siste året har me tilsett to personar i administrasjonen for å styrka kompetansen vår og for å kunne tilby kundane våre eit breiare spekter av tenester.

Terje Tvilde starta som prosjektleiar hjå oss i 2017. Terje har bachelor som bygningsingeniør frå NTNU Gjøvik. Han har erfaring frå OL Tvilde som teiknings- og prosjektmedarbeidar og som prosjektingeniør hjå Hent. Hjå Hent hadde han mellom anna ansvar for kalkulasjon, innkjøp og prosjektoppfølging på Comfort Hotel Bergen Airport.

Med Terje på laget som prosjektleiar kan me følgje opp kundane våre på ein betre måte, og me kan lettare ta på oss større prosjekt.

Arild Samnøy vart tilsett som bygningskonstruktør i august 2018. Arild er nyutdanna frå VIA University College, Horsens i Danmark. Gjennom studiet har Arild god kompetanse på oppføring av nybygg og renoveringsprosjekt frå oppstart til ferdig prosjekt. Arild er og fagteknikar frå Teknisk Fagskule og har fagbrev som tømrar der han har jobba som tømrar hjå oss tidlegare.

Med denne bakgrunnen har Arild ei god forståing for byggeprosessen og kan finne gode løysingar for kundane våre.

Ved å ha ein bygningskonstruktør med på laget kan me tilby kundane våre prosessen frå skisse til teikning, og frå teikning til ferdig prosjekt.

Både Terje og Arild er Vossagutar, og det er kjekt at dei har vald å jobba og bu i Vossabygda. Me er glad for å ha dei med på laget vårt!